mandag 2. januar 2012

GODT NYTT ÅR!

Idag har vi forlenga helga litt. Sida skulen ikkje begynne på igjen før onsdag 4. januar har eg tatt meg eit par fridagar for at eldstemann skal sleppe  å vere heime åleine. Eg hadde egentlig tenkt å nytte dagen til noko fornuftig, men etter eg kjørte lisjesysta i barnehagen har eg berre slappa av med god musikk, en kopp kaffi og strikketøyet mitt. Det veks, og det er ennå kjekkare å strikke når en ser framgangen i det ein gjer. No står det deilige nysteikte baguettar til kjøling og kaffien er klar i presskanna. Eg må ærlig innrømme at det er LITT godt å kunne vere heime ein kvardag også!

CIMG2538323858_10150450410181006_526631005_8922105_1047130841_o CIMG2541CIMG2485 CIMG2532 CIMG2533 CIMG2534   CIMG2478

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar