HURRA!! No er eg bra stolt! Har endelig klart å gjere ferdig eit par tjukkelesta heilt sjøl. Har strikka hæl for første gong I mitt liv – noko eg alltid har inbilt meg var altfor vanskelig med felling og å strikke opp maska osv. Men det var no ingen stor kunst. Så fornøgde. Og det beste av alt: Det vart 2 like (eller vertfall NESTEN like) strømper! (…skjønner det at når eg har laga ein så er eg vanlegvis lei, og synest det er veeeldig kjedelig å begynne på å overhodet prøve å få nr 2 ferdig og ikkje minst lik)
Og oppskrifta fann eg her på Drops Design
DROPS design: Modell nr ME-028a
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar